|
Bødalsetra og Bødalsbreen |
Bødal (ca. 14 km frå Loen sentrum) - Bødalsetra: Ta av frå hovudvegen og køyr 5 km på bomveg. Jamn stigning på smal grusveg, bobilar og større bilar/bussar må parkere i Bødal (kr. 40,- i bomavgift). Det tar ca. 10 minutt frå parkeringsplassen og inn til Bødalseter. Bødalseter er setra til gardane i Bødal, no er kun 1 gard bebudd i Bødal, før Lodalsulukkene var det 9 gardar. Bødalsetra ligg på ein vid og nesten flat voll. Alle husa ligg samla i to rekkjer langs ei nesten 60 meter lang ”gate” Selhusa står på framste rekkje og fjøsane ligg bak sela. Det er ikkje seterdrift her oppe lenger, og selhusa vert for det meste brukte til fritidsbruk. Det er 2 ”turisthytter” på Bødalseter, den eine tilhøyrer alle grunneigarane i Bødal, og den andre er eigd av ein av grunneigarane. Begge disse hyttene kan nyttast til overnatting i forbindelse med turar på breen eller Kåpa. For meir infomasjon om disse hyttene ta kontakt med; Sverre Sande tlf. 57 87 7638 Erik Bødal/Loen Pensjonat tlf. 57 87 76 24 Bødalsbreen: Frå Bødalsetra og inn til Bødalsebreen er det ca 3 km, her er fin sti og det er stort sett flatt terreng. Bødalsbreen er pr. i dag den einaste breen som er stor- og trygg nok til å ha organisert brevandring på. Som dei fleste andre breeane på Vestlandet var også denne breen på sitt største på 1750 talet. Då strekte breen seg om lag 1,5 km lenger ned i dalen enn kva han gjer i dag. Framfor breen finst det ei rekkje av morener som viser tidlegare breframstøyt. Oppe på breen ser ein tydleg dette karakteristiske brelandskapet.
Breføring på Bødalsbreen På Bødalsbreen I Lodalen kan du oppleve ekte brevandring I vestlandsk natur. Heile turen tek 5-6 timar, derav ca 3 timar inne på breen. Dette er ein middels vanskeleg tur. Bødalen med Bødalssetra og Bødalsbreen er ei naturperle inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ta med drikke, mat, klede og sekk for ein halvdagstur. Gode kraftige fjellsko er ein fordel (sko kan leigast hjå breførarlaget). Aldersgrense er 12 år. Mogelegheit for familietur med born under 12 år med eigen førar. Pris pr. person: Kr. 500,-
Påmelding Direkte til Briksdal Breføring tlf. 57 87 68 00, eller til Sande Camping, Loen tlf. 57 87 45 90 Påmelding dagen før innan kl. 20.00. Større grupper ta kontakt med Briksdal Breføring.
Online booking: Knapp med link til online-booking Oppmøte: Sande Camping, kl.10.00 – avreise til Bødal kl.10.30. I utgangspunktet køyrer alle i eigen bil opp til Bødalseter, eller ein samordnar skyss. Dersom de ikkje har bil å køyre med så gje beskjed om det ved bestilling av tur – så ordnar vi med skyss. For grupper kan vi organisere skyss med minibussar opp til setra. Bompengar frå Bødal til Bødalseter: kr. 40,- Andre aktørar på Bødalsbreen: Bergtatt Stryn; Thomas Heisig tlf: 95201192. Bødalsbreen og Lodalskåpa, min 4 pers.www.powderguide.no
|