Deutsch English Norsk Om Loen Info Kontakt oss
Heim
Om Loen
Kontakt oss
Overnatting
Vandring
Aktivitetar
Årstider
Historie
Kart
Kart
Vandring
Utsikt frå skogsveienVelkomen til vandring i Loen og Loendalen

Høge fjell og blå breear omkransar den smale dalen, og i botnen glitrar det grøne Lovatnet. Dalen endar i 3 mindre dalar som går heilt inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark; Bødal, Kjenndal og Nesdal. Loen er eit fint utgangspunkt for både lette turar i og omkring bygda, og for meir strabasiøse utflukter på ein eller fleire dagar. Kjende turmål som Skåla (1848 m.o.h) og Lodalskåpa (2083 m.o.h) har lokka turgåarar i lange tider. Fotturane er merka med vegvisarar og teikn i raud måling på steinar eller på trestammar. Det er laga eit eige turkart for Loen/Lodalen med beskrivelse av 20 turar i området kring Loen og Lodalen. Turane er valt ut med tanke på at du skal få ei uforgløymeleg og sterk naturoppleving. Turkarta får du kjøpe på dei fleste overnattingsstadane.

God tur!