|
Loen, Lodalen og Rake ligg i hjartet av det vakre og dramatiske landskapet mellom inste delen av Nordfjord, og dei mektige snø-og ismengdene på Jostedalsbreen. Loen og Lodalen har ca 600 innbyggjarar. I tillegg til turisme, så er industri og jordbruk dei viktigaste næringsvegane for folket i bygda.
Gamle gravhaugar som er oppdaga i området viser at lengst nede i dalen har det budd mennesker alt i bronsealderen. Før den første kyrkja vart reist, møttest dei kristne nede ved fjorden rundt steinkrossen som no står på kyrkjegarden. Den noverande kyrkja, den tredje som står her, vart bygd i 1837. Det grøne brevatnet i Loelva renn midt i den fruktbare dalen, omkransa av dyrka mark og frukthagar. I liene under dei bratte fjella veks tett bjørkeskog. Skåla (1848 m.o.h) med den hesteskoforma åsen, ruver i aust og dominerer utsynet mot Loen frå vest.
På toppen av fjellet står eit rundt steintårn, reist av bygdefolk i 1891, der kan fjellfolk søkje ly og overnatte. Det finst vel få turar som er meir imponerande enn turen opp gjennom Lodalen og inn til Kjenndalsbreen. Vegen går først langs elva, vidare på austsida av det vakre Lovatnet og inn i Kjenndalen. (Loen – Kjenndal ca 20 km). Ein avstikkar frå hovudvegen til Bødalsetra og Bødalsbreen kan også anbefalast.
Tre gongar har naturen sjølv gripe uroande inn og omforma landskapet i Lodalen. To gongar gjekk menneskeliv tapt og det vart valda store materielle skader under dei to Lodalsulukkene i 1905 og i 1936.
Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til eit minnerikt opphald i ei bygd med ein storslått og mektig natur,ei gripande historie, og glade turistvertar som gjerne deler det Loen har å by på, med deg som turist!
|