Deutsch English Norsk Om Loen Info Kontakt oss
Heim
Om Loen
Kontakt oss
Overnatting
Vandring
Aktivitetar
Årstider
Historie
Kart
Kart
Ulukka i 1936

I halv femtida om morgonen søndag 13. september 1936 høyrdes på ny ein smell frå Ramnefjellet. Eit nytt fjellstykke losna i Ramnefjellet.Denne gongen 800 meter oppe i fjellet, og ca 1 million kubikkmeter stein rasa ned i vatnet. Bølgja denne gongen var mykje større enn i 1905, ho gjekk over heile Nesodden og skola over heile Bødal. Alle husa vart øydelagde, også Gjerstun og Raudi som vart spart i 1905. Medan alle bruka i Ytre Nesdal vart sopa på vatnet i 1905 vart desse ståande att no. Denne gongen var det Indre Nesdal det gjekk utover.

Bølgja gjekk nedover heile vatnet og det var også folk som omkom lenger nede i dalen. 44 personar omkom i Bødal.