|
Søndag 15. januar i 1905, mellom kl. 23.00 og 24.00 vart grendene Bødalog Nesdal råka av den første Lodalsulukka då det rasa store steinblokker frå Ramnefjellet. Eit stort fjellstykke losna om lag 500 meter oppe i fjelletog tok med seg ei steinur under. Då alt dette rasa ut i vatnet vart det ei stor flodbølge. Nesodden kløyvde bølga i to, eine delen gjekk utover mot Bødal og den andre delen innover mot Nesdal. I Ytre Nesdal vart alle husa sopa på vatnet, medan Indre Nesdal kom betre frå det.
I Bødal vart alle husa nede ved vatnet knuste mot kvarandre, utanom eit par løer og nokre små fjøs. Folk og dyr vart drepne ved at hus rasa over dei eller at dei formed båra og drukna. 61 mennesker omkom i Bødal og Nesdal.
|