Deutsch English Norsk Om Loen Info Kontakt oss
Heim
Om Loen
Kontakt oss
Overnatting
Vandring
Aktivitetar
Årstider
Historie
Kart
Kart
Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalpark er med sine 1315 km 2 den 4. største nasjonalparken i landet!

Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og utvida i 1998. Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den største breen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre mindre brear. Breane og smeltevatnet har danna ei mengde med morener og andre geologisk interessante formasjonar. Heile området er særmerkt med dei store kontrastane over korte avstandar frå fjordar og frodige stølsdalar til karrige fjell- og breområde. Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsidene og dalane kjenneteiknar området. Nasjonalparken  er eit av dei største områda med kvalifisert villmark som er att i Sør-Noreg. Jostedalsbreen vert nytta til friluftsliv, undervisning og forsking. Nokre av brearmane er av dei mest vitja turistattraksjonane i Noreg. I dalane kring breen  er det eit aktivt jordbruk.Dalføra Sunndalen, Erdalen og Bødalen vart med i nasjonalparken i 1998 etter at Stortinget gjennom Verneplan IV for vassdrag avgjorde at Stryne- og Loenvassdraga (Breheimen-Stryn) ikkje skulle byggjast ut. Les meir her: Jostedalsbreen.